NRK Meny

350 kundar utan straum

350 kundar er framleis utan straum i Sogn og Fjordane etter stormen «Urd». Det gjeld Hellevik i Fjaler, Høydal i Hyllestad, Lånefjorden i Balestrand og fleire område i Flora kommune. Alle kundane kan rekne med å få att straumen i løpet av dagen og kvelden. Olje- og energiminister Terje Søviknes seier at beredskapen har blitt mykje betre dei siste åra, men at vi framleis må rekne med omfattande straumbrot når ekstremvêr slår til.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.