Hopp til innhold

30 millionar i Vest Tank-erstatning

Trond Emblem, tidlegare eigar av Vest Tank i Sløvåg, må ut med 30 millionar kroner i erstatning.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Privat / NRK

Det skriv bt.no .

Denne erstatninga går til dei nye eigarane av tankanlegget, Alexela Logistics.

Kjøpte før eksplosjonen

Alexela kjøpte tankanlegget dagen før eksplosjonen ved anlegget i Gulen i mai, 2007. Sidan har partane vore uenige om betaling og erstatning i samband med salet og eksplosjonen.

Emblem selde anlegget for 73 millionar kroner, men fekk ikkje utbetalt dei siste 40 millionane. Desse, saman med eventuelle forsikringspengar, kravde han tilbake då saka gjekk for Bergen tingrett i vår.

Store ryddekostnader

Alexela Logisitcs, som driv anlegget under namnet Alexela Sløvåg, kravde på si side å få tilbakebetalt 80 millionar kroner for kjøpesummen, i tillegg til ei erstatning på 12 millionar. Bedrifta syner til store oppryddingskostnader etter eksplosjonen.