Hopp til innhold

3-åring funnen 3 km frå heimen etter å gått ute åleine i natt

Far melde seg for politiet etter å ha funne soverommet tomt. Treåringen har opna dører og komme seg ut.

Sogndal - dronefoto

SOGNDAL: Politiet fekk kontakt med far til jenta like før klokka 09.

Foto: Alf Vidar Snæland

Far til den vesle jente melde seg for politiet like før klokka 09. Han er sett i kontakt med dei som har tatt hand om jenta i morgontimane.

Operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane seier far har forklart at jenta må ha fått opp dørene og gått ut.

Gjekk minst 2 – 3 km på eigahand

– Frå heimen i Sogndal til staden ho er funnen er det rundt 2 -3 km. I området er det fylkesveg 55 og riksveg 5 der det kan vere stor trafikk og fleire store vegar, men det er ikkje godt å spekulere korleis jenta har bevega seg.

Faren hadde leita heime i huset, og tatt seg ein tur ut for å leite i nærområdet der ein nabo hadde fått med seg meldinga om at ei lita jente var teken hand om av politiet.

– Far har ei tilforlateleg forklaring på kva som har skjedd, så det er ikkje mistanke om noko omsorgssvikt eller liknande.

Politiet opplyser at Barnevernet vil rutinemessig følgje opp saka.

Var tynnkledd

Det var i femtida at politiet fekk melding om at ei lita jente var funnen ute på eigahand. Politiet anslo at ho var i to – treårsalderen.

– Jenta ber tydeleg preg av at ho har stått opp og gått ut på eigahand. Ho er lettkledd. Ho er lyshåra og lys i huda.

Jenta vart funnen av folk som såg henne i femtida laurdag morgon. Far vart sett i kontakt med dei som tok hand om jenta.

– Ho sov då han kom dit, men eg vil tru at gjensynsgleda er stor, seier Nord.