Hopp til innhold

29 kroner for ein vaffel

Det er dyrt å vere turist i Sogn og Fjordane. I Flåm må du betale 29 kroner for ein vaffel.

Vaflar
Foto: Jan Petter Lynau, VG / Scanpix

Ei ringjerunde NRK Sogn og Fjordane har gjort viser at det er store prisskilnader på kafévarer i fylket. Dei høgste prisane finn vi i Flåm. Men det uroar ikkje Aud Melås ved Furukroa. Hos henne må du betale 25 kroner for ein vaffel.

- Tidkrevjande å lage vaflar

- Enkelte dagar har vi tusen turistar innom her som vi skal servere mat til i løpet av ein veldig kort periode. I Flåm har vi mykje folk som kjem i ein veldig kort periode av dagen. Då må vi handle veldig fort fordi gjestene vil ha mat fort. Dei skal på toget eller ferja. Difor må vi ha meir arbeidsfolk i sving for å kunne ta hand om alle gjestene.

- Men synest du sjølv at 25 kroner for ein vaffel er ein grei pris?

- Det er ein kjempegod pris. Veit du kor lang tid det tek å steike ein vaffel? Det skal og vere rømme på, og så skal vi ha to eller tre typar syltetøy tilgjengeleg og så må vi ha ein person som står og steiker vaflar heile dagen. Det er ikkje billeg, forklarar Melås. 

23 kroner for ein Kvikklunsj

Flåm stasjon
Foto: NRK

Hos naboen, Cafe Stationen, er det endå dyrare. Der må du ut med 29 kroner for ein vaffel. En kvikklunsj kostar 23 kroner og ei banan koster 12 kroner. 

Gry Hjortland er dagleg leiar og eigar av Cafe Stationen. Ho seier til NRK Sogn og Fjordane at stor bemanning gjer at prisane må vere såpass høge. Ein vaffel på Cafe Stationen i Flåm er dobbelt så dyr som på Norsk Villakssenter i Lærdal.

Billeg på kystmuseet

Unn Skrede i NHO Reiseliv Vest-Norge skjønar at det kan vere dyrt å drive turistkafé i Flåm.

- Vi har jo ingen kontroll med prisane, så det er i utgangspunktet opp til kvar enkelt bedrift å fastsetje prisane. Det er jo sjølvsagt uheldig at prisane er så ulike, men det kan jo og ha samanheng med type serveringsstad og plassering.

På Kystmuseet i Florø  er det billig å få seg noko å bite i. Ei svele koster her berre 10 kroner. 

Får reaksjonar

Noralv Distad svarer når vi ringjer turistinformasjonen i Aurland. Han møter turistar som er opptekne av pris. Han trur turistane kuttar ut å ete på stader dei synest det er for dyrt, og at dette igjen vil påverke prisane.

- Vi får reaksjonar på at det generelt er dyrt i restaurantar, men turistane har høve til å velje andre alternativ, så eg går utifrå at prisen regulerer seg sjølv i forholdet mellom tilbod og ettespurnad.