NRK Meny
Normal

Har teke 27 personar i narkoaksjon

I alt 27 personar er så langt arresterte i omfattande narkoaksjonar i Indre Sogn dei siste to vekene. – Ei stor sak i vårt fylke, seier lensmannen i Sogndal.

Lensmann Åge Løseth

GAMALDAGS POLITIARBEID: Lensmann Åge Løseth i Sogndal seier det er godt gamaldags politiarbeid som ligg bak dei mange arrestasjonane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Politiet har teke beslag i til saman nær to kilo hasj, amfetamin og marihuana. Dei har og funne 240.000 kroner i kontantar som kjem frå kriminell verksemd.

Lensmann Åge Løseth i Sogndal er godt nøgd med det politiet har klart å nøste opp i.

– Dette er først og fremst eit resultat av ordinært godt gammaldags politiarbeid over noko tid, seier han og legg til at dei også har fått gode tips.

Har hatt fleire razziaer

Etter lang tids etterforsking sette politiet i Indre Sogn i gong ein omfattande uroaksjon i narkomiljøet for vel to veker sidan.

Til saman er 27 personar i alderen frå 19 til godt over 30 år arresterte. To av dei sit framleis i varetekt.

– Så langt har vi teke 27 personar, ti av desse i området Årdal og Lærdal, og 17 i Luster og Sogndal, seier lensmannen.

Etter det NRK veit har politiet gjennomført razzia og gjort beslag på ei rekke adresser i desse kommunane.

– Ei stor sak

Dei fleste som er tekne er kjenningar av politiet, men også nye namn er kome på blokka. Mellom anna tilflytta studentar.

Fleire av dei arresterte har fått avgjort saka si med bot, medan dei fleste må møte i retten.

– Saka vi har avdekka her i Sogn dei siste vekene er i Sogn og Fjordane samanheng ei stor narkotikasak, seier Løseth og legg til:

– Og vi har fått hand om relativt mykje stoff på kort tid.

– Vi slår til når vi oppdagar det

Det er altså gjort beslag i nær to kilo hasj, amfetamin og marihuana, i tillegg til 240.000 kroner i kontantar.

Det er også gjort beslag i ei større mengde ulovleg valium.

Lensmannen i Sogndal håpar dei har fått vise miljøet at dei ikkje vil sitje stille og sjå på det dei driv med.

– Vi håpar at det som ein følgje av dette blir sendt eit signal om at denne typen aktivitet vil vi følgje med på og slå til mot når vi oppdagar det, seier Løseth.