Hopp til innhold

250 pasientar blir råka av streik

Ein eventuell streik ved Førde sentralsjukehus vil gå utover nesten 250 pasientar, som alle har timeavtalar med ulike poliklinikkar ved sjukehuset.

Korridor ved Førde Sentralsjukehus

RÅKAR MANGE: Ein eventuell streik kan råke mange pasientar med timeavtalar frå og med tysdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den pågåande meklinga i lønsoppgjeret for sjukehustilsette skal vere avslutta innan midnatt. Blir det ikkje semje, blir streik sett i verk frå og med starten av arbeidstida tysdag.

Kallar alle inn på nytt

Førde sentralsjukehus er mellom sjukehusa i landet som blir hardast råka: I heile landet kan 172 Delta-organiserte ved sjukehusa bli tekne ut i streik - av desse er 32 tilsette ved sjukehuset i Førde.

I Førde betyr det at mellom 200 og 250 pasientar kan bli råka allereie frå første dag: Alle timeavtalar ved medisinsk poliklinikk, radiologisk poliklinikk, poliklinikk for øyre-nase-hals og høyslesentralen går ut.

- Dersom det blir streik, går desse timane ut - men det er ikkje vits å ringe. Alle blir kalla inn til nye timar, opplyser informasjonssjef Arne Eithun.

Akutte hendingar som vanleg

No ber Helse Førde folk sjølv om å følgje med på om det blir streik eller ikkje.

Samstundes presiserer Eithun at situasjonen berre gjeld dersom det blir streik - og det gjeld berre planlagde timar. Alle akuttbehov blir tekne som vanleg.

Delta og krev lik løn for likt arbeid i sjukehus og kommunar, og oppgjeret er til mekling med frist til midnatt. Dei 32 Delta-medlemmene som kan bli tekne ut i streik er helsesekretærar, hjelpepleiarar, portørar, audiografar, sjukepleiarar og noko merkantilt personell.