Hopp til innhold

25-åring alvorleg skadd etter akeulukke

Ei av dei to som vart sendt til sjukehus etter akeulukka i Hodlekve skisenter tysdag ligg alvorleg skadd på Haukeland universitetssjukehus.

Luftambulansen på Hodlekve

TIL BERGEN: Ein kjekk dag i skibakken enda med ulukke for to kvinner tysdag. Ei av dei, ei 25-år gammal kvinne ligg hardt skadd på Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Arve Uglum / NRK

Dei to kvinnene var i barnebakken av skitrekket med akebrett då ulukka skjedde. Helsepersonell kom raskt til staden for å hjelpe.

Slo seg kraftig i hovudet

Den ein kvinna på 58 år vart sendt til Førde sentralsjukehus med ambulansebil.

Den andre, ei 25 år gammal kvinne, vart frakta med helikopter til sentralsjukehuset. Ho vart seinare flytta til Haukeland universitetssjukehus.

Den eine personen skal ha fått brotskadar, medan den andre skal ha slått seg kraftig i hovudet etter ulukka.

Onsdag melder sjukehuset i Bergen at kvinna framleis er innlagt og at ho er hardt skadd.

Hamna i vegen på akebrett

Dagleg leiar Cecilie Grendahl, seier til NRK at begge aka på akebrett.

– Diverre hadde dei ikkje kontroll og køyrde rett gjennom gjerdet og ut i vegen nedanfor barnebakken, seier Grendahl.

Dei som skadde seg var frå Norskopplæringa.

– Det vart ein kaotisk situasjon, men heldigvis kom ambulanse og lege raskt til staden. Etter kvart kom også luftambulansen, seier Grendahl.

Ingen andre var involvert i akeulukka som skjedde, og barnebakken er stengt.