Politiadvokat Knut Broberg fortel at trekkvogna delvis ligg ute i elva i Ytredalen ikkje langt frå Vadheim sentrum. Vogntoget var på veg frå Hydro Aluminium på Sunndalsøra til Karmøy med aluminiumsslagg. Dette stoffet utviklar gass og er brann- og eksplosjonsfarleg når det blandar seg med vatn.
E 39 vart sperra, og 24 innbyggjarar i Vadheim vart evakuerte. Desse har no fått flytte innatt i husa sine.
Det er oppretta ei tryggleikssone på 300 meter rundt vogntoget. No startar arbeidet med å rydde opp på staden. Lasta er dekka til med presenning og salt.
Tre av hjelpemannskapet måtte få behandling etter å ha pusta inn gassen. Sjåføren på vogntoget kom frå ulukka med lettare skade.