Hopp til innhold

20-årsjubilanten klar for cupen

Saga Fotballklubb er for første gong i historia klar for første ordinære runde av NM-cupen i fotball.

Jubel på Saga-benken.

NY JUBEL: I helga jubla Saga for 3-1 borte mot Stryn. Onsdag vart sunnfjordklubben for første gang klar for skikkeleg cupfotball.

Foto: Stig Høynes

Klubben som vart skipa i 1991 hadde aldri før vore i andre kvalifiseringsrunde då dei onsdag tok i mot Fjøra på kunstgrasbana på Sande.

- Det vart drama alldeles. Dette var ikkje godt for eit gamalt hjarte, både ler og jublar sportsleg leiar i Saga, Svein Ove Leirvåg

Kan ikkje beskrivast

Etter 8-5 siger på straffespark over Fjøra kan den vesle fotballklubben frå Førde gle seg, og vente i spenning på trekninga av første ordinære runde av cupen.

I år kan dei feire 20 årsjubileet med sin første ekte cupkamp, gjerne med motstand frå eliteserien.

- Det er utruleg stort og kan ikkje beskrivast. Dette er moro. Vi har aldri tidlegare satsa så veldig på kvalifiseringa. Vegen fram til første runde har sett så lang ut og vi har rekna det som sjanselaust å klare. No er vi der, jublar Leirvåg.

Håpar på Brann

Saga er ein liten klubb samanlikna med mange av dei andre laga. Med første kvalifiseringsrunde tett opp mot seriestart, har dei tidlegare spart på spelarane.

I andre kvalifiseringsrunde i år møtte dei ein annan liten klubb, Fjøra. Kampen inneheld alle moment ein dramatisk cupkamp kan innehalde. Mange mål, gule og raude kort, ekstraomgangar og straffesparkonkurranse.

- No håpar vi på Brann. Det hadde vore heilt fantastisk for ein liten klubb som Saga. Ikkje minst økonomisk. Du veit det blir mykje folk. Det er mest så vi må følgje trekninga live, seier Leirvåg.

Fjøra opna best

- Eg berre håpar dei ikkje set opp Førde, men ser at det er ein liten klubb og sender oss eit eliteserielag, legg den sportslege leiaren til.

Kampen mellom dei to 3. divisjonslaga vart av det dramatiske slaget, men det var gjestene som ifølgje Fjøra si livetenste, kom best i gang. Etter 28 minuttar sende Sebastian Øyrehagen fjørene i føringa, men ti minutt seinare stod det 2-1 til vertane etter scoringar ved Alexander Hjelmeland Rygg og Odd Anders Vie.

Saga-spelarane jublar

SCORA: Alexander Hjelmeland Rygg, Odd Anders Vie, Stig Hårklau og Øystein Halbrend scora Saga sine mål før straffekonkurransen.

Foto: Svein Ove Leirvåg

Leia 4-2

Resultatet stod seg til tre minuttar før full tid, då Kenneth Nondal utnytta klabb og babb i Saga-forsvaret. I kvar sin ekstraomgang sytte Stig Hårklau og Øystein Halbrend for 4-2 til førdelaget.

To mål av Johan Vorgaard på dei seks site minutta sende kampen til straffekonkurranse. På toppen av dette måtte Saga klare seg utan Roger Kandal som urutinert fekk sitt andre gule kort, og vart utvist, på stillinga 4-3 då han unødvendig sparka vekk ballen ved eit Fjøra-innkast.

- Vi såg mørkt på det mot slutten då vi rota vekk 4-2-leiinga. Vi hadde full kontroll, og så roter vi det skikkeleg til. Fjøra får to mål på lange innkast, seier Leirvåg.

- Stor stemning

Hårklau sette den første straffa, medan keeper Frank Tore Tveit la seg lang som han var og redda Fjøra si første straffe ved målscorar Øyrehagen. Då spelande trenar Benny Rivedal sette inn Saga si andre straffe, og Ola Egge Ødegaard sende lærkula i stonga hadde førdeklubben to matchballar.

Dermed var kampen over etter at både Ivan Dvergsdal og Frank Robert Værn sette inn Saga sine neste straffer. Jens-Ivar Nilsen scora for Fjøra.

- Du kan vel seie at det var ganske stor stemning i garderoben etter kampen, jublar Leirvåg.