Ulukka skjedde då ein bil med fire personar skar ut av vegen i to-tida natt til søndag. Politiet trur sjåføren mista kontrollen på bilen slik at han trefte ein berghammar og til slutt vart slengd inn i to parkerte bilar.
Tre hardt skadde
To av dei fire ungdommane i bilen var frå Balestrand. Den eine er den omkomne. Dei to andre kjem ifølgje politiet frå Hordaland. Ungdommane som overlevde ulukka er i alderen 17-20 år. Alle er innlagde ved Haukeland universitetssykehus med alvorlege skadar.
Tek promilletestar
Det er teke blodprøve av dei involverte, men politiet veit førebels ikkje kven som køyrde ulukkesbilen. Politiet utelukkar ikkje at føraren av bilen kan ha hatt promille, men ingen av ungdommane er så langt avhøyrde.