Hopp til innhold

20 arbeidsplassar på sju år

På øya Mjømna i Gulen bur det knappe 60 personar. Her har sju verksemder har etablert seg sidan 2005.

Mjømna i gulen

20 ÅRSVERK PÅ SJU ÅR: Mjømna i Gulen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Lege.no på Mjømna.

GÅR SO DET GRIN: Gründer Njål Wilberg. Her saman med Solveig D. Kristiansen i lege.no.

Foto: Birger Meland / NRK

– Det er åtte fast tilsette på Mjømna, tre som jobbar frå Bergen, og so har med også ein del deltid. Til saman ligg me på rundt 20 årsverk i huset her på Mjømna, fortel Njål Wilberg, gründer i bedrifta Ask Adam.

– Byrjar å bli næring

– Omsetninga i huset dette året blir samla rundt 35 millionar, so det byrjar å bli næring av det, seier han.

Til saman sju verksemder held hus på den vesle øya Mjømna i Ytre Gulen. Det er basen for 20 årsverk på ei øy med om lag 60 innbyggjarar.

– Det har gått fort og det har vore veldig kjekt. Det er nok dei mest produktive åra me kjem til å oppleva. Me har etablert oss her med familie, og me har vore med å starta opp det som byrjar å bli vesentleg næring i lokalsamfunnet.

– Hadde det ikkje vore lettare å driva verksemd i ein storby?

– I forhold til å diva næring er kanskje rammebetingelsane betre i Bergen, Oslo eller London, men for vår del var dette også eit verdival der me skulle vera med familien vår. Då fann me ut at me hadde lyst å prøve å bu på Mjømna, som me hadde eit veldig godt forhold til, og det har fungert veldig bra.

Godt samarbeid

Dagleg leiar Simen Wilberg i Beat.no

BEAT. NO: Dagleg leiar Simen Wilberg.

Foto: Linn Dyveke Wilberg / Beat.no

Simen Wilberg er også ein av dei som har skaffa seg eit levebrød på øya, som ein av gründerane bak musikktenesta beat.no.

– Etter utdanninga såg me moglegheita for å flytta heim og gjera noko veldig spanande og motiverande, seier han.

Han peikar på at sjølv om det er eit lite miljø, er det også ein av fordelane med å vera plassert på den vesle øya.

– Kulturen me har mellom selskapa er nesten ein av dei viktigaste faktorane me har for å oppnå suksess. Det at me sit i eit tett miljø der me kan dra nytte av kvarandre på kryss av selskapa, det er kjempeviktig, seier Simen Wilberg.