Hopp til innhold

Har tømt tanken ved Vågsøy Ungdomsskule

Oljelekkasjen i Måløy er stogga. – Mellom 1.500 og 2.000 liter fyringsolje har rent ut, seier brannsjef Kim Hjelle til NRK.no.

Redningsskøyta deltek i arbeidet med å få kontorll på diselsølet i hamna i Måløy.

OLJELEKKASJE: Kring 2.000 liter fyringsolje fann vegen til hamnebassenget.

Foto: Bjarne Eldevik

Uteseksjonen i Vågsøy kommune har i ettermiddag tømt oljetanken ved Vågsøy Ungdomsskule for 8.000 liter fyringsolje.

Brannsjef og lensmann i Vågsøy

KONTROLL: Brannsjef Kim Hjelle (t.v.) seier dei vil passe på lekkasjen utover natta og morgondagen.

Foto: Bjarne Eldevik

Tanken rommar 10.000 liter. Resten har hamna i hamnebassenget.

– Det er ein gamal tank, kring 50 år. Vi mistenkjer at det har rusta hol i den, seier Frode Weltzien, leiar ved eigedomsavdelinga i kommunen.

– Filmen minskar

Kommunen fekk dei første varsla om ein mogleg lekkasje måndag kveld. I 09-tida tysdag morgon vart det på nytt slått alarm.

Tysdag la brannvesenet ut både hamnelenser og absorberande lenser. I tillegg har ein også tømt syndaren for resten av oljen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Redningsskøyta og mobiliseringsbåten til Redningsselskapet medverka i arbeidet. (FOTO: Bjarne Eldevik)

– Vi ser allereie no at det er byrja å minke med film i sjøen. No ligg det berre att ei lita hinne i overflata, seier brannsjef Kim Hjelle.

Held vakt

Hjelle seier brannvesenet vil halde vakt gjennom natta og utover dagen onsdag.

Tanken blir no teken ut av drift og erstatta i samband med ei omfattande rehabilitering av ungdomsskulen. Dette vil ikkje få følgje for drifta av skulen.

– Vi får til mellombelse løysingar og vil grave opp tanken i den samband, seier Weltzien.