Hopp til innhold

No skal ho prøve seg mot dei store

Sarah Fiskaa Haugen (17) dreg neste veke til Hintertux i Austerrike for å delta i sesongopninga i World Cup i telemarkskøyring. At ho vart teken ut til World Cup-opninga, kom som ei stor overrasking.

Sarah Fiskaa Haugen

KLAR: Sarah Fiskaa Haugen gler seg til ein ny sesong på telemarksski.

Foto: Petter Ekran

– Eg var veldig positivt overraska. Det kjennest veldig bra, og eg gler meg, seier Haugen.

17-åringen frå Gaupne, som køyrer for Luster Telemarkklubb, tok i fjor NM-gull i telemark.

At ho no skal få prøve seg mot seniorane i world cup tykkjer ho er artig. Men ho er klar på at ho har mange år framfor seg før ho er på seniornivå. Og senior er ein først når ein er 21 år.

Hadde tenkt å ta det litt rolegare

– Det er stort å få vere med. Eg er berre junior, og skal stille i senior på worldcupen. Eg hadde ikkje venta det, for det er veldig mange gode. Men det var utruleg kjekt å bli teken ut, seier Haugen.

Trass i ein kjempesesong i fjor, valde Haugen å ta det roleg treningsmessig i sommar.

– Eg tenkte at eg skulle ta eit litt rolegare år, så eg har også teke det litt meir med ro når det gjeld trening. Eg har teke ting som dei har komme, og eg har trent når eg har hatt lyst til det. Men så har det gått så bra, seier Haugen, som til vanleg går på toppidrett telemark på Sogndal vidaregåande skule.

Ho dreg nedover til Hintertux allereie onsdag, og renna går fredag til søndag. På programmet står eitt sprintrenn og to parallellrenn.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

HAUGEN OG RYKHUS: I mars i år møttest verdas beste telemarkskøyrar Sigrid Rykhus og Sarah Fiskaa Haugen i kvartfinale i verdscupen i telemark.

Er med for å lære

Ho er forsiktig med å ha for store tankar om kva plasseringar ho kan håpe på i selskap med seniorane.

– Dei som er der er veldig, veldig flinke. Eg er framleis veldig ung. Eg kjem ikkje til å setje meg noko mål med tanke på plassering, men eg skal gjere mitt beste, og lære mest mogleg, seier Haugen.

At ho skal konkurrere med løparar som både er meir erfarne og ikkje minst eldre, både gruer og gler ho seg til.

– Eg gler meg veldig, men eg kjenner at eg er litt nervøs. Men det blir bra, seier Haugen.

I haust var ho på samling i Hintertux ei veke, og fekk litt føling med korleis kroppen fungerer på ski før årets sesong.

– Det gjekk veldig bra på samlinga i Hintertux, eigentleg over all forventning. Det var veldig positivt, seier Haugen.

Har synt gode takter

Sportssjef for telemark i Norges Skiforbund, Jo Mork, har plukka ut sju utøvarar som skal til Wold Cup-opninga.

– Det er eit ungt lag som dreg til World Cup-opninga, men med mykje potensial. Eg gler meg til å sjå kva dei kan få til i Hintertux, seier Mork.

Sjølv om Haugen berre er 17 år, meiner Mork det er ei rett vurdering å la henne prøve seg mot seniorane.

– Det er mange også yngre som har fått prøve seg tidlegare. Sarah har synt seg fram lenge, så no har ho moglegheita til å vere med og lukte litt på korleis det er å vere med dei store, seier Mork.

Han understrekar at dei ikkje har nokon forventningar til prestasjonar i World Cupen.

– Det er viktig at ho får litt erfaring med gamet på dette nivået, seier Mork.

Er ekstremt allsidig

Han karakteriserer Haugen som eit stort talent.

– Sarah er ein god skiløpar med god skifølelse. Samtidig har ho mange kvalitetar utanom ski. Ho er ein svært allsidig skiløpar, noko mange kan misunne henne, seier Mork.

Han peikar på at ho driv med både dans, fjelltelemark og portkøyring.

– Ho gjer alt, og har glede av å vere på ski. Det er det viktig å byggje vidare på i åra framover, seier Mork.

Han trur erfaringa frå eit World Cup-renn er god å ha.

– Ho må få vere seg sjølv, prestere og få ei god oppleving, seier Mork.

Han ser store likskapar mellom Sigrid Rykhus, som fleire år på rad har vore verdas beste telemarkskøyrar.

– Både når det gjeld skikvalitetar og personlegdom er det fleire likskapar. Begge er svært allsidige også. Når Sigrid også er mentor, så trur eg at ho bidreg til både å halde att, men også hjelpe Sarah riktig på vegen, seier Mork, som spår ein spennande sesong.

– Det blir artig å komme til Hintertux og få kive mot dei andre nasjonane, seier Mork.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sarah Fiskaa Haugen

HEIMEBANE: Sarah Fiskaa Haugen tok i februar NM-gull i telemark på heimebane, då ho suste inn til beste tid på Sogn Skisenter på Heggmyrane.

Foto: TRULS KLEIVEN

Får ros frå verdas beste

Mangeårig norgesmeister, verdsmeister og tre gonger vinnar av verdscupen i telemarkskøyring, Sigrid Rykhus, kjenner Lustra-jenta godt, og har vore ein viktig inspirator og mentor for Haugen.

– Ho er framleis veldig ung og fersk, og kan ikkje ha store forventningar i World Cup. Men ho har synt at ho kan køyre veldig fort på ski innimellom, og ho har eit stort potensial. Ho har god skikjensle, og kan slå til, seier Rykhus.