Hopp til innhold

Nær 16.000 har sett videoen hans på tre dagar

Jonas Nyløy Navarsete (23) la ut sin første a cappella-versjon på Youtube. Etter tre dagar har nær 16.000 personar sett videoklippet.

– Det er litt artig. Det er tydeleg at dette er noko fleire likar. Men eg hadde ikkje trudd at så mange skulle sjå han på så kort tid, seier Navarsete.

Studenten frå Sogndal er langt over snittet interessert i musikk. Likevel er det første gong han har laga ein a cappella-versjon som dette.

– Eg har lenge tenkt eg skulle prøve noko slikt, men det har vorte med tanken. Men her for ei stund sidan kjøpte eg meg noko billeg lydutstyr og testa litt, seier Navarsete.

Måtte få bass-hjelp

Temaet «Misty Mountains» frå filmen Hobbitten surra rundt i hovudet hans, og vart til slutt første prosjekt.

A cappella betyr vokal song, eller song utan akkompagnement av instrument. I korte trekk lagar ein slike musikksnuttar ved å spele inn fleire spor med same snutt, dermed høyrest det ut som om det er ei gruppe som syng, og ikkje berre ein eller to personar.

Men for å få det slik han ville, trengde Navarsete litt hjelp.

– Eg fekk med meg Henning Lad til å syngje bass, sidan eg ikkje har snev av bass-stemme. Det er stort sett slik eg gjer det, eg får med meg nokon som kan det som eg ikkje kan, og så fiksar eg resten sjølv, ler Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hugnad

MYKJE MUSIKK: Jonas Nyløy Navarsete både spelar og syng mykje. Her fotografert i samband med duoen Hugnad.

Foto: Hugnad / NRK Urørt

Song oppatt seks gonger

Dermed var det berre å setje i gang.

– Eg trur det er sunge oppatt seks gonger på det meste på videosnutten. Men no har eg planar om noko anna der det vert opp i 12 gonger. Det trur eg blir bra, seier Navarsete.

Han har stor sans for a cappella-versjonar av songar.

– Det er spesielt kjekt når alt er stemme. Og så er det kjekt når ein får til harmoni mellom dei forskjellige stemmene, seier Navarsete.

Masterstudenten på idrettsfag spelar på mange strengar. Og vil gjerne livnære seg av musikk på sikt. Viss ikkje er det iallfall ein kjær hobby.

Spelar når broren er vekk

– Eg har mange planar, men vi får no sjå kva som skjer. Nett no har eg heimeeksamen, så no må eg konsentrere meg om det. Men neste veke trur eg nok det vert nye arrangement, seier Navarsete.

Og viss du trudde at han måtte i studio for å spele inn, så tek du feil.

– Eg deler leilegheit med broren min, og det er der alt skjer. Men eg prøver å drive med det når han er ute. Så han ikkje skal bli heilt sprø i hovudet av all oppatt-takinga, ler Navarsete.