Dyretragedien vart kjend 24. mars i år. Det var dyrevernnemda som oppdaga den groteske situasjonen då dei kontrollerte tilhøva.
Ikkje mat på to månader
- Då hadde ikkje sauene fått stell på to månader, seier politiadvokat Bjørn Larsen. I tiltalen står det at dyra då ikkje hadde fått fòr, vatn, tilsyn og dyrlegebehandling dei siste to månadene.
- Bør frådømmast rett til dyrehald
Bonden, som er i 20-åra, er informert om tiltalen, men han har førebels ikkje fått oppnemnt advokat. I tiltalen står det at påtalemakta vil kunne krevje at bonden blir frådømt retten til dyrehald i fem år. Dette har også dyrevernnemnda bede om.
- Også personleg tragedie
Leiar i nemnda i Indre Sogn, Odd John Bugge, jublar ikkje over at nemnda har fått gjennomslag for kravet, sjølv om han meiner det er naudsynt. Bugge viser til at saka ikkje berre er ein dyretragedie, men også ein personleg tragedie.