Hopp til innhold

15 personar pågripne i narkoaksjon

I alt 15 personar vart i førre veke pågripne i ein narkotikaaksjon i Florø.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

NARKOTIKA: Politistasjonsjef Roberth Veseth i Flora, har i det siste fått fleire narkosaker på bordet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den siste tida har det blitt gjort fleire store narkotikabeslag i kystbyen, og narkotikaaksjonen i førre veke var ifølgje politiet nøye planlagt.

Beslag av narkotika

Målet med aksjonen var å avdekke nye brukarmiljø, i tillegg til å førebyggje rekruttering av nye personar inn i miljøet og ikkje minst, avdekke bakmenn

Resultatet av aksjonen var at til saman 15 personar vart pågripne, sikta for bruk og oppbevaring av narkotika.

I samband med aksjonen gjorde politiet beslag i det dei skildrar som ikkje ubetydeleg mengde med narkotika.

Varetektsfengsling for to personar

To av desse er varetektsfengsla. Den eine for to veker, den andre for fire veker. Desse to er ifølgje politistasjonssjef i Flora, Robert Veseth, sikta for oppbevaring og sal av narkotika.

Tidlegare i haust sa Veseth at politiet i Flora var i ferd med å rulle opp ei større narkosak, det er førebels ukjent for NRK kor vidt dette er ein del av denne større saka.