Ordførar Karen Marie Hjelmeseter seier Fosshaugane Campus betyr så mykje for både kommunen og regionen at dei må vere med på å realisere prosjektet.
Må vurdere risiko
Men formannskapet vil ha fleire opplysningar før saka vert endeleg behandla i kommunestyret 21. oktober.
– Vi må få meir bakgrunnsmateriale om finansiering og budsjett slik at vi kan vurdere risiko og konsekvensar, seier Hjelmeseter.