NRK Meny

15 bruksforbod i Nordfjord

Ved ein tungbilkontroll på riksveg 15 i Nordfjord i dag vart det i alt 15 bruksforbod. To av køyretøya let vere å stanse og måtte innhentast. Eitt av desse fekk bruksforbod på grunn av bremsefeil. Det vart og avdekt overlast, mangelfull sikring av last, tekniske feil og brot på køyre- og kviletid. Kontrollane vart haldne samstundes på Folven i Stryn, Kjøs i Hornindal, Nordfjordeid og Lefdal.

Vegopning på Bergum i Førde kommune