I Sogn tingrett vart Hashin dømd til 16 års fengsel. Han vedgjekk å ha drepe Hedda Karterudseter, men anka den delen av dommen som gjeld valdtekt, i tillegg anka han straffeutmålinga.
Skuldig i valdtekt
Torsdag sa juryen i Gulating at han er skuldig også i valdtekt, og i dag kom straffeutmålinga. Dei tre fagdommarane med lagmann Carl Petter Martinsen i spissen og dei fire jurymedlemmene kom til at straffa skal vere 15 års fengsel, altså eitt år mindre enn det han vart dømd til i tingretten.
Dommen i Slåtten-saka viktig for anke
Forsvararen til Hashin, Herman Hoff, ser dommen som eit steg i rett retning. Men det er likevel svært sannsynleg at Hashin ankar straffeutmålinga til Høgsterett. - Vi vil vente til Høgsterett har kome med sin dom i Anne Slåtten-saka i Førde før vi tek stilling til om vi skal anke, seier Hoff.
- Feil med straffereduksjon
Aktor Bjørn Kristian Soknes meiner det var feil av Gulating lagmannsrett å redusere straffa frå Sogn tingrett. - Det vart grunngjeve med at Hashin la alle korta på bordet då han vart arrestert i Nederland, men på den tida var jo saka så godt som oppklart, seier Soknes. Om påtalemakta ved Riksadvokaten skal anke straffeutmålinga er avhengig av kva Høgsterett kjem til i anne Slåtten-saka. Den dommen kjem måndag.
Hedda Karterudseter
Drepen ved kveling
Det var natt til torsdag 28. oktober 2004 Hassan Samriye Hashin tok livet av Hedda Karterudseter ved kveling. Først utpå kvelden vart den 19 år gamle folkehøgskuleeleven frå Flatdal i Telemark funnen død på rommet sitt på Sogndal folkehøgskule. Ho var då delvis avkledd på underkroppen. Same kvelden reiste Hashin frå Sogndal med buss til Oslo. Det tok over to månader før politiet greidde å oppspore han. Først i januar vart han arrestert i den nederlandske byen Zwolle. Då la han korta på bordet når det gjeld drapet, og han ordla seg og slik at politiet fann grunn til å sikte han for valdtekt.
Trudde tolkefeil ville gi frifinning
Forsvarar Herman Hoff trudde at han skulle få klienten sin frifunnen på grunn av nye moment etter at saka var i Sogn tingrett i mai. Det handla mellom anna om at tolken omsette feil på nokre punkt i det første politiavhøyret av Hashin i januar. Men juryen valde likevel å legge til grunn at Hashin hadde gjort ei handling som i juridisk forstand er valdtekt. I retten nekta Hashin for at han hadde