Hopp til innhold

Dei ville bygge ei framtid – men staten vil heller at garden skal rotne

NAVELSAKER (NRK): I bygda dei bur kan det siste huset vere bygd. Familien er blant dei vel 13.500 i Noreg som staten har gitt byggenekt på grunn av rasfare.

Familien på Navelsaker

UTSETT IDYLL: Lene og Øystein Førde Navelsaker har busett seg på Navelsaker i Eid kommune, og fått fire born. No har staten sagt at det aldri meir skal byggast nytt på garden deira.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Navelsaker er vår trygge plass på jorda. Hadde vi ikkje meint at det er trygt å bu her, så hadde vi sjølvsagt ikkje budd her med fire born, seier Lene Førde Navelsaker.

Ho og ektemannen har draumar for framtida. Målet er å utvide sauefjøsen, og kanskje på sikt bygge hus for nye generasjonar på barndomsgarden hennar.

Men det får dei ikkje lov til. Familien er blant dei 13.638 i Noreg som har fått beskjed frå staten om at eigedomen deira er så rasutsett at dei har fått forbod mot å bygge nye hus og driftsbygg.

Likevel blir det ikkje forlanga at dei skal flytte.

– Vi kan ikkje bygge nytt, men vi får bu her på eigen risiko, seier Øystein Førde Navelsaker oppgitt.

Lene og Øystein Førde Navelsaker

VIL SATSE: Enn så lenge har det blitt med teikningar av tilbygget på fjøsen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

For få år sidan starta styresmaktene eit enormt kartleggingsarbeid. Kor bur folk i fare for skred, flaum og kvikkleire?

NVE har så langt plassert 38.000 menneske i ulike faresoner for skred i bratt terreng, nokre bur i byar og tettstadar, andre i mindre bygder som Navelsaker.

Reknar ein med kvikkleire og flaum er talet heile 172.000.

Jobben til NVE er langt frå over. Talet vil auke, og nokon får strengare byggerestriksjonar enn andre.

Du kan sjekke korleis ditt nærområde ligg an nedst i artikkelen.

– Heile bygda kan bli fråflytta

– Det kan få veldig store følgjer. Heile bygda er merka som rasutsett, skal den på sikt bli fråflytta? spør Lene Førde Navelsaker.

Innbyggarane i grenda har erfaring med skred både langs vegen og i fjella kring, og meiner dei veit når og kor det er trygt og ikkje.

Men NVE meiner det er grunn til å frykte snøskred.

Under eit gjestebod romjula 1701, midt under «den vesle istida», kom det eit stort skred mot garden. Det er uvisst om det var eit snøskred eller eit flaumskred frå ei elv, men 14 menneske mista livet.

På den andre sida er ei liknande hending ikkje registrert på 300 år.

Garden på Navelsaker

GARDEN: Familien Navelsaker fryktar dei er siste generasjon på garden om ein ikkje kan fornye seg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er alvorleg for dei som bur i slike område

Også i nabokommunen Stryn er store deler av busetjinga markert som anten rasutsett eller flaumutsett. Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) er frustrert.

– Så lenge ein bur i ei faresone, og ingen gjer noko for å finne løysingar, så er det heilt lammande, seier han.

Per Kjøllesdal

BER OM ANSVAR: Ordførar i Stryn, Per Kjøllesdal (Sp).

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kjøllesdal meiner det blir feil at staten markerer store område som rasutsette, for så å la det vere opp til privatpersonar og lokalsamfunn å finne løysingane.

– Om enkeltpersonar skal ta inn ekspertise, vurdere sikringstiltak, og kanskje koste rassikring, så er det økonomisk umogleg for dei det gjeld.

Kjøllesdal meiner staten, gjennom NVE, burde tatt heile oppgåva – og ikkje berre kartlegge.

– Ein del av sikringstiltaka treng verken vere dyre eller omfattande, staten burde sørge for at det vart vurdert sikring, og at sikringa vert gjort der det er mogleg.

Visnes i Stryn

STRYN: Dette bustadfeltet meinte NVE var utsett for fjellskred, det synte seg å vere feil.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Stryn har kommunen måtte leige inn geologar for å vurdere sikring.

Når nye ekspertar kom inn, førte det til at eit heilt bustadfelt i sentrum ikkje er sett på som skredutsett likevel. I haust måtte NVE friskmelde det som fyrst var markert som «raud sone».

– Betydeleg større behov enn det er pengar til

Fungerande kommunikasjonsdirektør i NVE, Brigt Samdal, er ikkje overraska over at ulike fagfolk av og til har ulike vurderingar av skredfaren, slik som i Stryn.

Det er mogleg for kommunane å søkje om statlege sikringstiltak for å betre tryggleiken.

Brigt Samdal, NVE

Brigt Samdal i NVE.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Problemet er at behovet er på mange milliardar, løyvinga til NVE i fjor var på 300 millionar kroner. Berre til dei mest prekære skred og flaumsikringstiltaka på nasjonalt plan er prislappen 3,9 milliardar kroner.

– Det er eit betydeleg større behov enn det er pengar til. Det er tøffe prioriteringar, vi set prisen på sikringstiltaket opp mot kva nytte det har, seier Samdal.

Ifylgje Samdal vil talet på nordmenn som blir kartlagt inn i skred og flaumutsette område auke jamt og trutt. For NVE er langt frå ferdige.

– Det er mange kommunar som alt er kartlagde, men framleis står det att mykje arbeid nasjonalt.

Raset i Hatlestad terasse i 2005 i Bergen kosta tre menneske livet. 10 personar hamna under rasmassane. Raset starta ein debatt om politikk og byggeløyver i utsette områder.

Hus på Votlo tatt av jordskred

TRAGEDIE: 7. desember 2017 omkom ei kvinne på 38 år då dette huset på Osterøy vart treft av eit ras.

Ras i Jølster

FLAUMSKRED: Ekstremnedbør i Jølster sommaren 2019 gjorde at fleire hus var nær ved å bli vaska vekk.

Meiner dei bur trygt

Inne på kjøkenet har Øystein og Lene Førde Navelsaker fyrt i omnen. Det er ein rå og hustrig søndag, og borna har krølla seg framfor fjernsynet.

– Vi kan jo kanskje klare å drive med dei bygga som er her no, men kva med neste generasjon? Om til dømes huset skulle brenne, ville vi ikkje få lov å bygge det opp att, seier paret.

Dei har skrive brev til NVE for å be dei vurdere saka på nytt.

Fjøsteikning

TILBYGG: Teikningane er klare for å bygge på fjøsen med 150 kvadratmeter.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Innfører byggenekt, men meiner folk kan bli buande

Sjølv om staten innfører byggenekt, vil dei ikkje be folk om å flytte frå rasutsette eigedomar.

Statssekretær Lars Jacob Hiim

Statssekretær Lars Jacob Hiim (H).

Foto: Torbjørn Tandberg

Statssekretær Lars Jacob Hiim i Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner det har eit enkelt svar.

– Dette er eit krevjande felt. Klimaendringane gir meir ekstremvêr, meir ras, meir flaum, samstundes så er også vi opptekne av at samfunn kan haldast oppe, seier Hiim.

– Kvifor kan folk berre bli buande, når de meiner det ikkje er forsvarleg å bygge nytt same stad?

– Lover har ikkje tilbakeverkande kraft i Noreg. Når folk har bygd hus ein stad, og innretta seg mot det, så kan ikkje nye lover ha verknad på dette, men lova trer i kraft når dei ein gong må bygge nytt, seier Hiim.

Kva er då framtida til desse eigedomane?

– Vi er nøydde til å ta vare på tryggleiken til folk, men vi har opna for å til dømes bygge på hus opp til 50 kvadratmeter, eller lage ein garasje, seier Hiim.

Regjeringa varslar også at staten ser på om ein kan lette på reglane, men då i område med skredvarsling.

Lene Førde Navelsaker

Lene Førde Navelsaker meiner reglane ikkje tar nok omsyn til at folk alt bur på eigedomar som er rekna som rasutsette.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Må kunne få lov å fornye eigedomane

For nokre år tilbake fekk familien Navelsaker optimistprisen av Eid bondelag.

– Det er klart vi ser mørkare på ting. Det er ikkje slik at det er feil å kartlegge og finne risikoar, folk skal sjølvsagt ikkje bygge overalt, men ein må kunne fornye eigedomane der ein allereie bur, seier Lene Førde Navelsaker.

Du kan søke opp din kommune under. Om din kommune manglar informasjon, kan det vere fordi han framleis ikkje er kartlagd. (Ekstern lenke).