Hopp til innhold

Denne trafikkulukka utgjer to av 13 punkt nordfjordingen må svare for i tingretten

Drapstruslar, aktlaus køyring, promillekøyring og skadeverk. Den unge nordfjordingen må svare for mange lovbrot når han i neste veke møter i Fjordane tingrett.

Trafikkulukke på Kråkenes

ULUKKE: Bilføraren må svare for både promillekøyring og aktlaus køyring etter trafikkulukka på Kråkenesfjellet i fjor sommar.

Foto: Torfinn Kråkenes / NRK

Politiet meiner mannen, som er i 20-åra, har brote straffelova og vegtrafikklova ikkje mindre enn 13 gonger på åtte månader.

Høg fart og promille

Blant tiltalepunkta er trafikkulukka på Kråkenesfjellet i Vågsøy i juli i fjor . Både mannen, som var bilførar, og to passasjerar vart skadde i ulukka. Politiet meiner mannen hadde høg fart og var påverka av alkohol.

I møte med ein annan bil la nordfjordingen bilen sin i grøfta. Mannen er tiltalt for både aktlaus køyring og promillekøyring.

– Då han prøvde å få bilen på vegen att fekk bilen sleng på bakdelen så den gjorde ein 180 graders sving, bilen vart snudd i motgåande køyreretning og sklei utfor vegen, står det i tiltalen.

Tre drapstruslar

Trafikkulukka er likevel ikkje den grovaste, med tanke på strafferamme. Mannen står også tiltalt for to brot på straffelova § 227 for trugande åtferd mot tre personar i mai i fjor. Om funnen skuldig ventar fengsel i minimum seks månader berre for truslane.

Nordfjordingen truga med å drepe ein mann, og åtvara om at han hadde kniv og tre kuler som han ville bruke. To kvinner vart også truga med å «få ei kule i hovudet».'

– Og det skal ta meg tre dagar å fikse, skal nordfjordingen ha sagt ifølgje tiltalen.

Tømde brannsløkkingsapparat

Same dag skal mannen ha stole ein sykkel frå eit bankbygg i eit kommunesenter i regionen. Han er også tiltalt for å ha gjeve falsk forklaring i samband med ei promillesak der ein kjenning av han vart etterforska for promillekøyring og aktlaus køyring.

I tillegg er han tiltalt for å ha teke seg inn og raserte ei kommunal leilegheit, samt oppførte seg trugande mot dei som budde der. Han må også svare for eit tilfelle der han tømde eit brannsløkkingsapparat i ei leilegheit.

Herpa politibil

Det har også gått utover politiet sine eigendelar, då han i februar i fjor reiv både bilskilt og antenne av ein uniformert politibil. Han skal også ha klatra opp på ein cellebil slik at denne fekk bulk i taket.

Det siste punktet i tiltalen gjeld høg musikk på bilen gjennom eit kommunesenter i Nordfjord. Mannen hadde ved dette høvet ikkje førarkort på bil.

Fjordane tingrett har sett av tre dagar til saka når den kjem opp i neste veke.