Hopp til innhold

121 år med trykkeri er historie

Torsdag ettermiddag vart den aller siste utgåva av Firda Tidend produsert ved Solglimt Trykkeri på Sandane. Siste sida av ei 121 år lang trykkerihistorie i Gloppen er over.

Solglimt Trykkeri

MED DEN SISTE AVISA: Geir Ytredal les den siste Firda Tidend som er trykka ved Solglimt Trykkeri. Fredag 7. april vil dei som abonnerer gjere det same.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Det er litt trist. Ein epoke over, fortel dagleg leiar og redaktør for Firda Tidend, Bjørn Grov.

– Sidan 1896 har det vore trykking av aviser på Sandane. Først avisa Nordfjord, og frå 1924 også Firda Tidend. Etter krigen har det berre vore Firda Tidend som har kome ut.

Fredag 7. april fekk abonnentane av Firda Tidend den aller siste papirutgåva som er produsert ved Solglimt Trykkeri i posten.

– Frå no av skal avisa trykkast i Førde hjå prenteverket til Firda.

Solglimt Trykkeri

EIN EPOKE ER OVER: Terje Paulsen og Bjørn Grov. Rotasjonspressa i bakgrunnen er lagt ut for sal, men det kan verte vanskeleg å få selt den.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Har jobba 50 år i trykkeribransjen

Terje Paulsen har hatt ansvaret for trykkinga av avisa. Han har vore tilsett som trykkar ved Firda Tidend og Solglimt Trykkeri sidan 1998. Han skal pensjonere seg. Dette er ein av faktorane til kvifor Solglimt vert avvikla.

– Eg har jobba her i 18–19 år. Det har vore ein god arbeidsplass. Før eg kom hit arbeidde eg i Husabø prenteverk i Sogn, men min første jobb hadde eg i Bergen. Totalt har eg til saman 50 år i trykkeribransjen, fortel Paulsen.

Han seier det eigentleg skal bli godt å pensjonere seg.

– Eg kjem til å sakne lukta av trykksverte, men foreløpig gler eg meg til å sleppe den og bli pensjonist.

Terje Paulsen

PRODUKSJON: Terje Paulsen med det som skal bli eit siste eksemplar av Firda Tidend produsert av Solglimt Trykkeri.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Den siste avisa i trykken

I lokalet set Paulsen og deltidstilsette Geir Ytredal trykkformer inn i maskina. Det siste opplaget vil vere på 3200 aviser.

– Det er vemodig å måtte trykke på stoppknappen for siste gong. Men slik er tidene. Det er vanskeleg å skaffe folk og vere sikker på at det er nok å gjere for dei som er her, seier Grov.

Han dreg parallellar til det å prente den siste avisa med litteraturen.

– Det er litt som å ha lese ei god bok. Ein har akkurat vorte ferdig med siste kapittel og skal late att boka. Men du veit det kjem nye kapittel og nye bøker skal opnast. Det er ei tid som er over og ei ny tid som ventar.

Firda Tidend

DEN SISTE UTGÅVA: Denne avisa vil ligge i postkassa til dei som abonnerer fredag 7. april.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Tøffe tider for papiravisa

– Avisbransjen er i tøffe tider. Berre i fjor mista vi 15–20 prosent av annonseinntektene i forhold til året før. Det utgjer nærare 900 000 kroner. Omtrent alle aviser opplev nedgangen. Vi er nøydde til å ta nokre grep for å ha avis også i framtida, seier Grov.

Firda Tidend skal halde fram med papiravis.

– Framover vert det nok ein kombinasjon av papir og nett. Vi må bygger opp det digitale samstundes som vi held på papiravisa. Trass alt trur eg papiravisa kjem til å leve. Spesielt lokalavisene, seier Grov.

Solglimt Trykkeri

SISTE DAG ROTASJONSPRESSA GÅR: Frå venstre: Geir Ytredal, Terje Paulsen og Bjørn Grov. Då har det siste eksemplar av Firda Tidend vorte trykka.

Foto: Wibeke Bruland / NRK