NRK Meny

120 i 80-sona i Flåm

Ein bilførar vart fråteken førarkortet og er meld til politiet etter at han i dag passerte ein fartskontroll i 120 kilometer i timen i 80-sona på E16 i Flåm. 10 andre bilførarar fekk forenkla førelegg for mindre fartsoverskridingar. Ein av bilførarane som vart stansa vart meld for brot på tollova fordi han hadde med seg for mykje øl.