- For Firda Sjøfarmer er dette eit stort tap

I alt 119.000 laks gjekk tapt i samband med brannen og den påfølgjande rømminga frå oppdrettsanlegget i Gulen tidlegare denne veka.

Brann hos Firda Sjøfarmer

STORE VERDIAR TAPT: Heile 119.000 laks rømde frå oppdrettsanlegget til Firda Sjøfarmer i Gulen etter ein brann tidlegare denne veka.

Foto: Carl-Erik Arnesen

– No har me gjort eit reknestykke, og me har kome fram til at me har mista 119.000 laks, noko som utgjer 68 prosent av alt me hadde, fortel administrerande direktør Carl Erik Arnesen ved Firda Sjøfarmer AS.

Det var onsdag morgon at mannskap frå Firda Sjøfarmer AS oppdaga brannen på anlegget i Skorpa i Gulen kommune. Delar av ein oppdrettsring vart øydelagd av varme, og i alt 119.000 laks rømde frå merden.

Det stod opphaveleg 190.000 laks i merden, og den attverande fisken er no flytta over i ei ny merd, opplyser Firda Sjøfarmer i ei pressemelding.

Liten fisk, men stor omsetningsverdi

Arnesen fortel at den rømde fisken var liten i storleik med ei snittvekt på 490 gram, og at den difor ikkje hadde ein så høg verdi per dags dato, men at den hadde ein omsetningsverdi på kring 20 millionar kroner.

– For Firda Sjøfarmer er dette eit stort tap, seier Arnesen.

Arnesen fortel at dei held fram med gjenfangsten rundt lokaliteten med fire fiskebåtar i full verksemd.

– Det er i tillegg sett ut 2,5 kilometer med garn i håp om å få opp mest mogleg av den rømde fisken, seier Arnesen.

Dei har lukkast i å fiske opp kring tusen, men å få attende alle 119.000 har dei ikkje noko håp om.

Framleis ukjend brannårsak

Årsaka til brannen er framleis ukjend, men det blir etterforska brannteknisk av politiet, og saman med Fiskeridirektoratet vonar selskapet at dei skal få ei avklaring slik at dei kan hindre at noko slikt noko skjer igjen.

– Dette er jo ei hending som me aldri hadde sett føre oss kunne skje. Eg har i alle fall aldri høyrt om noko slikt før, seier ein lettare oppgitt Arnesen.