Hopp til innhold

Eventyrleg sommar for guide-gutane på Storen

100 kresne turistar har dei teke med til det høgste punktet på Vestlandet denne sommaren. Men guidane på Storen kunne lett ha dobla dette talet.

Norgesguidene

HEFTIG JOBB: Norgesguidene losar folk rundt på nokre av dei høgste toppane i landet. Mellom anna på Store Skagastølstind. F.v. Sigurd Felde, Jostein Aasen og Sverre Hjelmeland.

Foto: privat

– Sesongen har vore kjempegod på alle måtar. Vi har hatt mykje gjester med oss, og vi har hatt strålande vêr og brukbare forhold heile sommaren.

Det seier fjellførar og tindevegleiar Jostein Aasen til NRK. Saman med kollegaene i Norgesuidene har han teke med kresne fjellvandrar opp til 2405 meter over havet, til toppen av Store Skagastølstind.

– På Storen har vi hatt 100 personar på toppen. Men vi har jo veldig mykje aktivitet i Hurrungane og Jotunheimen elles også, fortel Aasen til NRK.

Vil avgrense veksten

Etterspurnaden etter guidane sine tenester aukar år for år, men dei vil ikkje vekse for ein kvar pris.

– Det er klart at det er mange vi ikkje har kapasitet til å ta med oss. Både fordi det er mangel på internasjonalt godkjende fjellførarar, som vi nyttar oss av. Vi legg og litt avgrensingar på oss sjølve. Mellom anna fordi vi ikkje vil trenge vekk alt privat friluftsliv der oppe, slår Aasen fast.

Briten William Cecil Slingsby var den første som besteig toppen av Storen i juli 1876. Han kom frå ein rik overklassefamilie, men i dag er det slett ikkje berre «nikkersadelen» som går på dei flotte fjella i Hurrungane.

Store Skagastølstind

MASSIVT: Fleire og fleire finn vegen til dei mektige fjella i Hurrungane.

Foto: privat

Nesten berre nordmenn

– Dei fleste er vanlege, fjellvande folk, men som ikkje har tileigna nok erfaring med klatring. Men dei har gjerne gått turar i Jotunheimen, sett Storen, og tenkt på at her vil dei opp. På turane våre i Hurrungane er det nesten berre nordmenn.

– Kvifor det trur du?

– Det tippar eg er fordi at dersom utlendingar skal på eit høgt fjell i Norge, så vil byrja med det høgaste, og ikkje det tredje høgaste. Så Storen står nok i ei særstilling blant nordmenn, slår Jostein Aasen fast.

Treng meir arbeidskraft

Han trur gjerne at dei kan auke litt og ha fleire turar til Storen neste år. Men det under ein klar føresetnad at dei kan levere den kvaliteten dei ønskjer til kundane.

– Men det er god og kvalifisert arbeidskraft vi må ha på plass. Så må folk innsjå at det faktisk er vel så fint å gå i Hurrungane frå midten av juni og utover i juli, som det er i byrjinga av august, seier Aasen.