NRK Meny
Normal

100 år gamalt fyr søkjer eldsjeler

24. november er det 100 år sidan Hendanes fyr i Vågsøy kom i drift, men det ser mørkt ut for framtida til fyret.

Hendanes fyr

GRAVØL ELLER FEST: Hendanes fyr kan feire 100 år i dag, men dersom ingen vil ta over er dagens jubileum kanskje den siste.

Foto: Ottar Starheim / Arkivfoto / NRK

– Stoda for fyret er ganske elendig. Vegen fram er veldig dårleg, og geologar som har sett på det meiner det vil koste ein million kroner å sikre og reparere vegen, seier Jan Erik Westergård i Kystverket.

Han skal delta på 100-årsmarkeringa for fyret, som ligg i Kvalheimsvika. Frå 1914 og fram til byrjinga av 1960-talet, då drifta vart automatisert, budde det fyrvaktarar på fyret. Sidan då har bygget forfalle. Staten tok over ansvaret i 2005, og i 2013 bestemte Kystverket å rive det dersom ingen ville ta over og bruke fyret.

Jan Erik Westergård i Kystverket trur det einaste som kan redde Hendenes fyr er eldsjeler.

FRAMTID: Ivrige eldsjeler er truleg det einaste som kan redde Hendanes fyr, trur Jan Erik Westergård i Kystverket.

Foto: Eldgrim Fossheim

Håpar eldsjel tek tak

– Vi har søkt om avhending, og det seier litt om korleis stoda er der ute, seier Westergård, som framleis håpar at nokon vil forbarme seg over bygget.

Han har 28 år i Kystverket bak seg, og i dei fleste tilfella der fyr har stått til nedfalls eller vore teke ut av drift, har han sett at eldsjeler har berga fyret.

– Nokre stader har det vore litt fram og tilbake, men omtrent på alle stader langs kysten har det kome inn folk som har drive fyret vidare. Men Hendaneset har eg alltid sett for meg som eit nedsarva fyr, seier Westergård.

– 100-årsmarkeringa, blir det gravøl eller fest?

– Eg har ein knute i magen når det gjeld dette, eg håpar i det lengste at nokon vil drive det vidare, det er ein veldig spesiell plass.