NRK Meny
Normal

10-åring kom til rette etter å ha vorte meldt sakna

Den ti år gamle guten som like før klokka 18 vart meldt sakna, har komme til rette.

Laster kart, vennligst vent...

– Vi har akkurat fått melding om guten har dukka opp og er i god behald, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Kai Myklebust.

Politi og Røde Kors var alt på staden, og Norske Redningshundar var kalla ut. Men like før leiteaksjonen skulle starte, løyste det heile seg av seg sjølv.

Guten vart meld sakna like før klokka 18.00 då pårørande hadde leita etter guten ei stund.

– Slike meldingar tek vi på alvor. Heldigvis løyste dette seg på beste måte, seier Myklebust.

Denne helga er det Loendagane i den vesle bygda, og det er mykje folk samla.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå