Han gløymer aldri dagen då Hedda vart drepen

SOGNDAL (NRK.no): Natt til torsdag 28. oktober 2004 blei 19 år gamle Hedda Karterudseter drepen av ein somalisk mann på Sogndal folkehøgskule. Drapet gjorde enormt inntrykk på mange, også mannen som blei ståande sentralt i etterforskinga.

Hedda Karterudseter og Haavard Stensvand

GLØYMER ALDRI: Det er no 10 år sidan Hedda Karterudseter blei funne drepen på folkehøgskulen i Sogndal. Dåverande politietterforskar Haavard Stensvand kjem aldri til å gløyme saka.

Foto: Scanpix / Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det har gått ti år sidan Haavard Stensvand fekk telefonen han ikkje hadde trudd skulle kome i sin karriere som politimann i Sogn.

– Eg blei ringt opp på kvelden. Eg dreiv og jobba med oppussing av kjellaren, og blei ringt opp av operasjonssentralen om eg kunne kome inn på folkehøgskulen fordi det var ei funne ei død jente og så var det ein omstende kring dødsfallet som gjorde at ein mistenkte noko straffbart, fortel Stensvand no 10 år etter at tragedien råka folkehøgskulen i Sogndal.

Fann gjerningsmannen i utlandet

Dei første politifolka som kom til åstaden var ikkje i tvil, her måtte dei raskt få inn forsterkingar. Teknikarar frå KRIPOS kom fram ut på natta og det gjekk ikkje lang tid før dei var sikre i si sak om at det var eit drap.

Det blei raskt mistenkt at ein 35 år gamal mann frå Somalia hadde vore med Hedda tilbake til folkehøgskulen frå utestaden Meieriet i Sogndal sentrum. Men ikkje lenge etter at dødsfallet blei kjend, forlét mannen Sogndal med buss til Oslo. Etter kvart forstod politiet at den mistenkte gjerningsmannen hadde kome seg til Nederland.

– Det blei mistanke om at han av og til var på besøk på ei bestemt adresse i byen Zwolle. Så var vi kome til ein fredag morgon og eg hadde fått beskjed om at dei var nøydde til å avslutte spaninga på grunn av mangel på ressursar. Kort tid etterpå fekk eg ein telefon om at det var ein person som ligna veldig og spurte om dei skulle pågripe han. Eg gav det rådet om at dei måtte pågripe han og nokre minutt etterpå fekk eg beskjed om at det var den rette personen som var teken, fortel Stensvand.

Gjerningsmannen sit framleis fengsla

Mannen blei seinare i 2005 dømd til 15 års fengsel, og etter det NRK veit så sonar han framleis straffa si i Norge. Men ifølgje dokument NRK har fått innsyn i, så er mannen formelt sett no utvist frå Norge.

– Vi kan ikkje kommentere noko kring ei eventuell utsending etter ferdig soning, er kommentaren for Kriminalomsorga.

For Haavard Stensvand, som no er fylkesberedskapssjef i Sogn og Fjordane, er drapet på Hedda i 2004 ei hending han aldri kjem til å gløyme.

– Det gir eit inntrykk. Tidlegare då eg jobba på KRIPOS så var eg kriminalteknikar og stelte med fingeravtrykk og hadde ikkje så mykje med vitne å gjere, og i alle fall ikkje med dei pårørande å gjere. Det blei jo heilt endra når ein kom ut på eit lite lensmannskontor. Då kom ein så mykje tettare på dei pårørande. Sjølv om familien her heldt til i Telemark, så hadde vi veldig nær kontakt, seier Stensvand.

Hedda-drapet

DRAMATISK: Dåverande lensmann Olav Borlaug (t.h.) og ein etterforskar frå KRIPOS utanfor internatet der Hedda Karterudseter blei funnen drepen.

Foto: Tor Yttri / NTB Scanpix

Kom nær dei pårørande som politimann

Som sentral etterforskar kom han nær dei pårørande, men også dei tilsette på folkehøgskulen og medelevane til Hedda.

– Det er éi side ved denne saka, denne enorme tragedien. Samtidig så er det med å motivere ekstra til å gjere det som er mogleg å gjere for å oppklare saka og få fatt i gjerningsmannen. Det ville vore fullstendig tragisk for alle partar om vi ikkje hadde lukkast med det.

– Det var ein situasjon med ein gjerningsmann frå Somalia og offeret var ei ung, norsk jente. Ein kunne vel tenke seg at det ville bli veldig sterke reaksjonar?

– Det blei ikkje noko stigmatisering, i alle fall ikkje i noko omfang. Det blei ikkje hausa opp og ikkje noko opprørske tilstandar mot asylsøkjarar i Sogndal. Det tenkjer eg er ei styrke ved Sogndal-samfunnet og folkehøgskulemiljøet at dette ikkje blei ein ekstra dimensjon. Familien bidrog også til fokus på at det var denne eine personen, det var ikkje alle dei andre utlendingane.

Tenkjer på den store tragedien

– Er dette eit minne du kjem til å ta med deg vidare i livet?

– Ja, og det er ei sak eg tenkjer på med jamne mellomrom. Eg tenkjer på tragedien for dei pårørande, men eg tenkjer også på dette med kor viktig det er med internasjonalt politisamarbeid. Utan at vi hadde greidd å etablere den personlege kontakten ned til etterforskarane i Nederland, så er eg redd for at dette ikkje hadde lukkast så godt. Det å etablere kontakten med nederlandsk politi og få alle den hjelpa frå dei, var enormt viktig. Vi greidde vel aldri å finne dei rette orda for å takka dei for all bistanden dei gav. Det var utruleg viktig, slår Stensvand fast.

NRK har vore i kontakt med Hedda sin familie, og dei ønskjer framleis ikkje å uttale seg om det som skjedde for 10 år sidan. Det ønskjer heller ikkje nokon på folkehøgskulen i Sogndal.

Høyr radioreportasjen:

Del 1:

Del2: