Hopp til innhold

Katteeigar fekk bot

Ein katteeigar frå Sunnfjord har fått 14.000 kroner i bot for ikkje å gjeve katten sin medisinsk tilsyn. Dyrebeskyttelsen melde mannen for brot på dyrevelferdslova etter fleire meldingar om ein katt med augeskade i eit bustadfelt. Katten fekk tilsyn av veterinær og ein ny heim.