Hopp til innhold

Rykka ut til brann i Florø

Brannvesenet og politiet har rykka ut til ein restaurant i Florø etter melding om stor røykutvikling. Det var personar i bygningen då det byrja å brenne, men ingen skal vere skadde. – Det skal ikkje ha vore opne flammar, og vi har no kontroll på staden. Årsaka til brannen er førebels ukjend, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik. Politiet snakkar no med vitne for å finne ut kva som har skjedd.

Florø