Kollisjon ved Fatlatunnelen
To personbilar har kollidert på Leikanger-sida av Fatlatunnelen på fylkesveg 55. Det er førebels ukjent kva som er årsaka til kollisjonen. – Det har vore ein person i kvar av bilane. Skadeomfanget førebels ukjent, men dei to er prega av sjokk, seier Frode Kolltveit i Vest politidistrikt. Alarmsentralen opplyser at eine køyrefeltet no er opna og at det er manuell dirigering på staden. Klokka 11.17 melder Statens vegvesen at det er opna for fri ferdsel.