Hopp til innhold

Veg stengt etter ras

Fylkesveg 242 mellom Aurland og Skjerdal etter stengt på grunn av eit ras, det melder Statens vegvesen. Vegen vil ikkje bli opna att i kveld. – Det er eit jord- og steinras som sperrar heile vegen. Entreprenør har vore der og dei kan ikkje gjere noko med det i kveld, seier John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen.