Hopp til innhold

Store flyttetap

Sogn og Fjordane fekk ein kraftig svekka flyttebalanse i fjor, med eit flytteunderskot på snautt 200 personar. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det aldri før har blitt registrert så mange flyttingar over fylkesgrensene som i fjor, og folk slo seg ned i sentrale strøk. Heile 38 prosent av dei som flytta til Sogn og Fjordane i 2017 kom frå utlandet.