Hopp til innhold

Steinras stengjer fylkesveg

Det er uvisst når fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland opnar att etter steinraset i Stondalen. Steinraset vart meldt av entreprenøren like over klokka 05. Katrina Hansen Kvåle ved Vegtrafikksentralen i Bergen seier raset ikkje er stort, men at dei likevel fryktar at det kan komme ned meir stein.