Hopp til innhold

Køyrde utan bilbelte på

Tre sjåførar og ein passasjer blei i ettermiddag 1500 kr fattigare då Statens vegvesen hadde kontroll i ei 70-sone på riksveg 5 i Florø. For ingen av dei brukte bilbelte. Eit køyretøy blei avskilta fordi det ikkje var gjennomført periodisk kontroll. Også i ein kontroll på Nordfjordeid var det tre personar som køyrde utan bilbelte.