Kuttar i talet avisdagar
Frå 24. april vil Firdaposten i Florø gå frå tre til to papirutgåver i veka. Det skriv avisa sjølv på nettavisa si. Redaktør Svend Arne Vee seier at avisa no skal satsa meir på å bli endå betre på nett. Onsdag og fredag vert dei nye dagane for papiravisa.