Hopp til innhold

Slåsting i Florø

Natt til søndag har det vore eit slagsmål mellom to personar i Florø. Dette blei ordna opp på staden, melder politiet på Twitter. I same by er også ein mann meldt for å ha urinert på offentleg stad. Politiet i Øvre Årdal måtte rykke ut til ein utagerande person, medan ein patrulje i Høyanger viste vekk ein rusa mann frå eit hotell.