Melding om person i elv
Alle naudetatane har rykt ut til ei melding om ein person i elva i Førde sentrum. Ein passasjer på ein forbipasserande buss rapporterte å ha sett ein person i elva. Politiet opplyser at dei ikkje har gjort observasjonar og bebuarar langs elva har observert personar som snorkla i elva nokre minutt før politiet vart varsla. Luftambulansen vil også gjera søk frå lufta.