Hopp til innhold

Glatte vegar

Det blir meldt om glatte vegar no på morgonkvisten. Vegtrafikksentralen i Lærdal har fått fleire meldingar om at det er spesielt glatt i Fjaler. Det skal stå ein utanlandsk semitrailer utanfor vegen ved Tysse i Fjaler fv. 607. Vegtrafikksentralen melder om at entreprenør no er ute og saltar.