Hopp til innhold

Dirigerer trafikken på Lote

Vegmeldingssentralen melder at det vil bli sett inn trafikkdirigering på Lote ferjekai i dag, for å syte for at dei som skal køyre Panoramavegen mot Stryn kjem seg forbi ferjekøen. E39-sambandet Anda - Lote blir framleis trafikert av ei mindre ferje enn normalt, og det er venta kø i samband med helgeutfarten.