Hopp til innhold

Skadd under arbeid

Ein person er sendt til legevakt med klemskader i ein finger, etter eit arbeidsuhell i Loen i Stryn. Politiet melder at uhellet skjedde i samband med arbeid på ei høgspentlinje.

– Det var ein mann som fekk fingeren sin i klem og han vart sendt til legevakta på Nordfjordeid med brotskadar i fingeren. Han har blitt behandla og arbeidstilsynet er varsla om saka, seier Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.