Hopp til innhold

Gylle i Førde sentrum

Det har vore lekkasje av gylle fleire stader i Førde sentrum laurdag, det melder politiet. – Først har det vore lekkasje i ein gjødselkum i ein fjøs på ein sentrumsnær gard i Førde. Etter det har det vore ein ny lekkasje då ein traktor skulle frakte denne vekk, seier Marianne Føleide ved operasjonssentralen til politiet. Resultatet vart at ein kunne sjå gylle fleire stader i Førde sentrum, mellom anna i eit bustadområde.