Hopp til innhold

Buss har køyrt seg fast i Aurland

Ein buss har køyrt seg fast på fylkesveg 243 ved Kvam i Aurland, og vegen er no stengd. – Det er nokre krappe svingar der, så han kjem seg ikkje vidare. No er det tungbilbergar på veg frå Lærdal, seier Bengt Næss ved politiet sin operasjonssentral i Florø.