Hopp til innhold

Bilutleigefirma får bot

Eit bilutleigefirma frå Bergen har fått 15.000 kroner i bot for manglande kalibrering av fartsskrivar. Kontrollstasjonen ved Håbakken stogga i februar i år ein av utleigebilane til selskapet. Fartsskrivaren hadde då ikkje vore kalibrert sidan 2014, og skulle ha vore godkjent i juli i fjor. Selskapet har godteke bota.