Dårleg månad for klosterbåten
Klosterbåten i Selje har dramatisk dårlege besøkstal i juni, skriv Fjordenes Tidende. I fjor hadde båten 773 passasjerar i juni, medan det berre har vore 402 på besøk i år. Skipper Adrian Mortensen seier til avisa at han trur folk kvir seg for å komme til Selje på grunn av at dei manglar hotell, etter det brann ned i fjor haust.