Hopp til innhold

Åtvarar mot brosme frå Sogn

Mattilsynet åtvarar mot å ete brosme som er fiska i Sognefjorden innanfor Nordeide og Bjordal. Ved sju av åtte lokalitetar i Sognefjorden vart det funne eit kvikksølvnivå over gjeldande grenseverdi i brosme. Det syner ein fersk rapport frå NIFES - Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking. Ved den inste lokaliteten, i Lustrafjorden, var innhaldet av kvikksølv så høgt at to måltid i månaden er nok til å overskride det tolerable inntaket av stoffet.