Hopp til innhold

Opnar vinterstengde fjell

Statens vegvesen ventar å opne fylkesveg 13 over Gaularfjellet og fylkesveg 55 over Sognefjellet i morgon. Begge fjelloverganane har vore vinterstengde. Gaularfjellet er venta opna klokka 15, medan Sognefjellet er venta å opne klokka 16.