Tre lokale klar for VM
Halvparten av landslaget som skal representere Norge under VM i benkpress kjem frå Sogn og Fjordane.
Fredrik Eskil Myrvang frå Førde og Tommy og Roger Navarsete frå Sogndal reiser i slutten av mai til Litauen for å måle krefter med verdas sterkaste benkpressarar.
Då dei tre kraftpluggane løfta på VM i benkpress i fjor vart det ikkje medalje til nokon av dei, men no får dei altså ein ny sjanse på edelt metall.