Hopp til innhold

Stor stein i vegen

Ved midnatt fekk politiet melding om at ein stor stein og fleire mindre steinar hadde ramla ut i vegbana på E39 ved Myrmel i Gaular. Det eine køyrefeltet vart delvis stengt, men det var passasje, og det vart sett i gang med manuell dirigering av trafikken.