Hopp til innhold

Knaken får fritak frå eigedomsskatt

Christoffer Knagenhjelm på Hovudgarden i Kaupanger vil ikkje opne kafeen Knaken, sjølv om dei no får fritak frå eigedomsskatt til kommunen. – Kafédrifta blir ikkje starta igjen, men det gir eit løft for andre ting som kan gagne lokalsamfunnet, seier Knagenhjelm til NRK. Det var Porten som først omtalte saka.